OBS! Ansökningsperioden för denna annonsen har
passerat.
Arbetsbeskrivning
Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag, idrettslag, kulturskule, kor, bogeskyting med meir. I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?
Hyllestad kommune har ledige 100 % stillingar for fast tilsetting, p.t. tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Vi treng nye medarbeidarar både til institusjonen og heimebaserte tenester
Arbeidsoppgåver
Stell og pleie av brukarane
Tilrettelegging for meistring og rehabilitering
Medansvar for at brukarane sine pleieplanar er oppdatert og vert oppfulgt
Dokumentasjon og journalføring, vi nyttar CosDoc som journalsystem
Ha kontakt med pårørande
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
Gjerne relevant erfaring og vidareutdanning innan demens, geriatri, palliasjon eller velferdsteknologi
Gode norskkunnskapar
Interesse for fag og trivast med å jobbe med eldre
Førarkort for personbil
Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere ein lagspelar
Ha evne til å strukturera og koordinera arbeidet i ein hektisk kvardag
Ansvarsbevisst og oppteken av relasjonar og samarbeid
Ha evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen
Vi kan tilby
Spennande arbeidsoppgåver, opplæring i alle oppgåver
Moglegheit for mentorordning om ønskjeleg
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med fagleg og etisk kompetanse
Det er oppe til vurdering arbeid 4. kvar helg med langvakter
Løn etter kvalifikasjonar ogtariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Hjelp til å finne bustad
Redusert betaling i barnehagen
Gratis trening i Hyllestadhallen i 1 år