Klokkar 14 procent - Vikariat

Arbetsbeskrivning

oknet har tre kyrkjer med fire kyrkjegardar; Solund, Husøy og Hersvik kyrkje, og eit kyrkjelydshus. Soknet dekkjer heile Solund kommune.

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden, med gode transporttilbod til fastlandet, inkl. Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark fins kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane, klatreanlegg og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, aktive lag, kulturskule, merka turstiar m.v.

I Solund investerast det for framtida. I løpet av dei neste åra byggast det ny ungdomsskule,bru og utbygginga av breiband fortsetjast. På kommunen si side kan ein finne fleire ledige stillingar både i kommunen og den private marknaden https://www.solund.kommune.no/politikk-og-administrasjon/ledige-stillingar/.

Klikk her for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt:
https://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

På Solund sokn si side kan du lese meir om oss https://www.solund.kyrkja.no/.

(Stillinga kan kombinerast med utlyst kyrkjemusikarstilling)

Hovudarbeidsoppgåver:

Praktisk førebuing og deltaking ved gudstenester/kyrkjelege handlingar
Kvalifikasjonar

Engasjement for kyrkjeleg arbeid
Beherske norsk munnleg og skriftleg
Må vere medlem av Den norske kyrkje
Føremonleg å ha sertifikat for og disponere bil
Personlege eigenskapar

Har god samarbeidsevne og arbeider sjølvstendig
Er omgjengeleg, serviceinnstilt, nøyaktig, tek initiativ, og er strukturert og fleksibel
Vi tilbyr:

Løn og arbeidstid etter KA si tariffavtale. Pensjonsordning i KLP
Det må påreknast arbeid på søn- og heilagdagar, og noko kveldar og laurdagar.
Engasjerte kollegaer og frivillige medarbeidarar
Triveleg arbeidsmiljø
Arbeidsstad: Alle kyrkjene i soknet. Hovudarbeidsstad: Solund kyrkje i kommunesenteret.
For nærare informasjon om innhaldet i stillingane kan ein kontakte:

Sokneprest Bjørn Magne Hansen; 57786215, soknepresten@solund.kyrkja.no
Kyrkjeverje Mona Hjønnevåg, kyrkjeverja@solund.kyrkja.no. Tlf. 57786209
Arbeidsgjevar kan vere behjelpeleg ved behov for bustad
Søknadsfrist: Seinast 26. oktober 2022

Kopi av CV og relevante attestar sendast til Solund sokneråd:

kyrkjeverja@solund.kyrkja.no, eller

v/Kyrkjeverja, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.

Offentleg søkjarliste:

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund sokn har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Solund Sokn
  • 1 plats
  • 3 månader – upp till 6 månader
  • Deltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 13 oktober 2022
  • Ansök senast: 26 oktober 2022

Liknande jobb


20 december 2024

17 december 2024

Kyrkvaktmästare

16 december 2024