OBS! Ansökningsperioden för denna annonsen har
passerat.
Arbetsbeskrivning
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus
Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST). Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykologspesialist , lis.lege, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar, aktivitør og miljøpersonell.
Spesialisert behandling Valen sjukehus har ledig 100% overlegestilling.
Arbeidsoppgåver:
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av pasientar
- Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern og dom til behandling
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Inngår i bakvaktssystem for legar.
- Rettleie legar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kompetansekrav:
- Norsk autorisasjon.
- Godkjent spesialist i psykiatri.
- Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
- Vedtakserfaring
- LiS som er nær spesialisering kan tas i betrakning
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.