OBS! Ansökningsperioden för denna annonsen har
passerat.
Arbetsbeskrivning
Beskrivelse av Arbeidsgiver
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, på Stord, i Haugesund og på Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du følge linken www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Haugesund Sjukehus bygger for tida ny vestblokk og denne vil vere klar for innflytting i slutten av august 2021. Ein viktig del av ny vestblokk er heilt nye lokale for Mottaksavdelinga og det blir ei stor omlegging av drifta ved innflytting i nye lokale. Det er mellom anna satsa på overlegekompetanse i akuttmottak, samarbeid somatikk og psykisk helsevern, samhandling med førstelinjetenesta og betre og raskare pasientforløp. Mottaksavdelinga mottar om lag 1000 pasientar per månad. Om lag ein femdel har ikkje trong for innlegging men kan avklarast i akuttmottak og om lag halvparten av pasientane høyrer til det indremedisinske fagfeltet.
For å betre overlegekompetansen i akuttmottak vil ein tilsetje 2 somatiske overlegar i fast stilling. Stillingane er ledige frå august 2021, men tidlegare eller seinare tilsetjing kan vere aktuelt. Primært ville ein ønske spesialistar i akutt- og mottaksmedisin, men alle legar med interesse for arbeid i mottaksavdeling kan søkje. Det vil vere ei forventning om at tilsette overlegar anten vil vere spesialist eller i løpet av få år vil kunne bli godkjende spesialistar i akutt- og mottaksmedisin eller indremedisin. Tilsetting i redusert stilling (til dømes 50%) kombinert med anna overlegestilling kan vere aktuelt, det vil då bli rom for fleire stillingar. Det er per no ikkje planlagt eiga vakt-teneste for overlegar i akuttmottak, men deltaking i vaktteneste innan til dømes indremedisin vil kunne vere aktuelt.
Arbeidsoppgaver
Dagleg arbeid i mottaksavdeling
supervisjon og assistanse av avdelingane sine vaktlag, triagering av pasientar saman med sjukepleierane, augeblikkeleg hjelp poliklinikk, samhandling med førstelinjetenesta, opplæring og simuleringsøvingar for legar og sjukepleierar i mottaksaavdelinga og å bidra i fagleg vidareutvikling i mottaksavdelinga.
Stillingane vil vere fagleg svært spennande og innebere stor grad av samarbeid med alle avdelingar i sjukehuset. Det er etablerte team for medisinsk akutt team, slagalarm, traumealarm og hjartestans.
Stillinga vil vere organisert i Mottaksavdelinga som er ei avdeling i Medisinsk Klinikk. Stillinga er planlagt å vere knytt til det indremedisinske fagfeltet. Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar og det er godkjend LIS utdanning innan indremedisin, nyresykdommer, kardiologi, lungesjukdomar, endokrinologi, gastroenterologi og geriatri og det er også søkt om godkjenning innan blodsjukdommar.
Vi tilbyr
Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
Kvalifikasjoner
Vi søkjer overlege som er godkjend spesialist i akutt- og mottaksmedisin eller indremedisin.
Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning innan 1-3 år er velkomne til å søkje. Spesialister i allmennmedisin som har interesse for arbeid i akuttmottak er også velkomne til å søkje.
Personlige egenskaper
Vi søkjer ein overlege som ønsker å vere med på å vidareutvikle Mottaksavdelinga i nytt sjukehusbygg.
Ein må ønske å arbeida tett på pasientane samtidig og ha ei koordinerande rolle i akuttmottaket.
Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt og personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.