Overlege i gastroenterologi

Arbetsbeskrivning

I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar. Vi har sjukehus i Odda, på Stord, i Haugesund og på Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du følge linken www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

Haugesund sjukehus har ledig ein fast stilling som overlege i gastroenterologi frå april 2021. Tidlegare eller seinare tiltreding kan vere mulig om ønskeleg.

Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkl. barn og nyfødd), kirurgi (inkl. føde/gyn og fertilitet), psykisk helsevern, og medisinsk service (inkl. akutt, radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk omfattar indremedisin med greinspesialistar i dei fleste fagområda samt nevrologi, rehabilitering og lærings- og meistringssenter. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresykdommer, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, endokrinologi, og geriatri. Det er og søkt om godkjenning innan blodsjukdommar.
Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.

Fagområdet gastroenterologi er organisert i Medisinsk Avdeling A. Medisinsk Avdeling A har for tida 14 sengeplasser, om lag 7 til pasientar med gastroenterologiske sjukdommar. Ein stor del av aktiviteta finn sted på gastroenterologisk poliklinikk kor ein utfører gastroskopi, coloskopi, pH-manometri, mage-tarm poliklinikk, hepatitt poliklinikk, IBD poliklinikk, endoskopisk ultralyd, ultralyd abdomen, kapselendoskopi m.m. I samarbeid med gastrokirurgisk avdeling gjøres også ERCP, stentbehandling og fjerning av store polypper. Totalt sett dekker seksjonen det aller meste av fagfeltet gastroenterologi og seksjonen har eit godt fagmiljø. Frå april 2021 vil det vere 5 overlegestillingar innan gastroenterologi, 2 legar i utdanning innan gastroenterologi og 2 leger i utdanning innan indremedisin. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vere del av stillingen.

Arbeidsoppgaver
- Vaktarbeid og dag-teneste på post og i poliklinikk.
- Overlegane går for tida 15-delt vakt.
Vi tilbyr
- Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
- Legger til rette for og prioriterer forskning og utvikling.
- Seksjonen har organisert internundervisning i gastroenterologi.

Kvalifikasjoner
- Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og gastroenterologi.
- Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning innan 1-2 år er velkomne til å søkje.

Personlige egenskaper
- Vi søkjer ein overlege i gastroenterologi som ønsker å arbeide tett på pasientene og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø.
- Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
- Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Arbeidssted/ Arbeidstid Helse Fonna HF Haugesund

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Helse Fonna HF
  • 1 plats
  • Tillsvidare
  • Heltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 26 januari 2021
  • Ansök senast: 9 februari 2021

Liknande jobb


Distriktsläkare, Primärvårdsområde Väst, Backen Hälsocentral

Distriktsläkare, Primärvårdsområde Väst, Backen Hälsocentral

17 oktober 2024

Specialist i allmänmedicin till Jämjö vårdcentral

Specialist i allmänmedicin till Jämjö vårdcentral

4 oktober 2024

27 november 2024

27 november 2024