Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Fedje sjukeheim har tolv plassar, der to er til korttidspasientar. Heimesjukepleien er integret del av sjukeheimsturnusen - du får jobbe både "inne" og "ute". Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakt og kvar tredje helg. Jobben er utfordrande fagleg sett, då me både har eldre bebuarar, men også medisinsk oppfølging av andre grupper som treng behandling lokalt.

På sjukeheimen verdset me dei gylne augeblikka og kvalitetsforbetring høgt. Me har ulike sesongfestar, konsertar og aktivitetsopplegg, som "VM i sykling gjennom Europa" og eldremarsj. Me har fysioterapeut, ergoterapeut, lege og aktivitør tilknytt sjukeheimen - og sjølvsagt eige kjøkken med kokk! Me innfører no ny velferdsteknologi og jobbar med kunnskapsbasert praksis, som skal gje brukarane våre eit enda betre tilbod. På Fedje er det godt å vere på jobb, og du kan gå heim med godt samvit etter endt vakt.


Arbeidsoppgåver (ikkje utfyllande):
- Sjukepleiefaglege oppgåver på Fedje sjukeheim og heimetenesta
- Planlegging og evaluering av tenesta
- Bidra til sikring og utvikling av tenesta for å sikre brukarane sine behov, moglegheiter og rettar og for å sikre god ressursutnytting i Fedje kommune
- Rettleiing i faglege og etiske utfordringar

Kvalifikasjons- og stillingskrav:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Norskkunnskapar på min. nivå B1
- Har sertifikat til personbil

Artiklar i detta ämnet

  1. Sjukskrivningsepidemi i Sverige

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Fedje Kommune
  • 1 plats
  • Tills vidare
  • Heltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 13 juli 2021
  • Ansök senast: 15 augusti 2021

Liknande jobb


Sjuksköterska till Akvarellen

28 mars 2024

5 april 2024

Sjuksköterskor vikariat

3 april 2024