Vikarar til omsorgstenesta, tilkalling

Arbetsbeskrivning

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag, idrettslag, kulturskule, kor, bogeskyting med meir. I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

Omsorgstenestene søkjer etter fleire tilkallingsvikarar
Vi ser etter vikarar til følgjande oppgåver:

Pleiepersonale til sjukeheimen
Pleiepersonale til heimtetenestene
Heimehjelp og reinhald
Miljøarbeidarar (pu)

I søknaden din må du opplyse om kva stilling du søkjer, kor mykje du kan jobbe og kva tidsrom som er aktuelt for deg.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til utføring av stell og pleie, tilsyn og miljøarbeid, samt bistå ved måltid. Oppgåver vil variere alt etter kva stilling du søkjer. Arbeid etter den til ei kvar tid gjeldande turnusordning.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må ha interesse for fagfeltet og trivast med å arbeide med mennesker
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er under utdanning eller har fullført utdanning innan helse- og sosialfag - gjeld både yrkesfagleg retning og høgskuleutdanningar.
Søkjarar til arbeid i heimetenestene må ha førarkort for bil
Dei som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding
Du må kunne arbeide både sjølvstendig, men òg saman med andre kollegaer
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske
Søkjarar må ha fylt 18 år

Vi kan tilby
Studentar som tek helse- og sosialfaglege utdanningar har eiga avlønning etter kommunen sin lønspolitiske plan
Garantiløn for nytilsette sjukepleiarar/vernepleiarar jf kommunen sin lønspolitiske plan
Ein mogleg karriereveg til helsefagleg utdanning
Medlemsskap i Noregs beste pensjonsordning KLP
Eit godt arbeidsmiljø
Ein jobb som byr på spennande utfordringar
Redusert betaling i barnehagen
Gratis trening i Hyllesradhallen i 1 år

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Hyllestad kommune
  • 1 plats
  • Tills vidare
  • Heltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 16 februari 2022
  • Ansök senast: 20 februari 2022

Liknande jobb


4 juli 2024

3 juli 2024

Tandvårdsbiträde till Folktandvården, Umeåregionen

Tandvårdsbiträde till Folktandvården, Umeåregionen

2 juli 2024

2 juli 2024